No
En

Olden Nye Kyrkje

Olden Nye Kyrkje er ei langkyrkje i tre bygd i 1934. Kyrkja vart teikna av Daniel J. Muri.

Raskt bygd

Jonsok 1934 vart grunnsteinen til kyrkja lagt. Knapt eit halvt år seinare stod kyrkja klar til julehøgtida. Det raske arbeidet viser til stor arbeidsiver i bygda. Det var stor arbeidsløyse rundt denne tida, så det var meir enn nok av unge karar som var glade om dei fekk tjent seg nokre kroner på kyrkjebygginga. Den lange usemja om dei skulle bygge ny kyrkje eller restaurere den gamle hadde også gått på tålmodet til bygda, og no ville dei

Interiør og eksteriør

Kyrkja har tradisjonell basilika-form med heva midtrom og sideskip. Tårnet er plassert på ein takryttar litt inne på mønet. Tårnfoten har same fargar og vinklar som kyrkja elles og har gavlar mot vest og aust. Arkitekten, Daniel J. Muri, møtte motstand frå Statens bygningsinspektør som ønska kyrkja både mindre og lågare, men Muri stod på sitt og følgde nøye med på byggeprosessen for å forsikre seg om at den vart akkurat som teikna.

Interiøret er lakka mørkt, men vindauga og dei store lysekronene forsikrar seg om at rommet forblir lyst. Fleire stadar i kyrkja er det større og mindre englar utskore i tre. Desse hadde Arne Kinsarvik ansvaret for, godt hjelpt av lokale treskjerarar. Desse er gullfarga, som ein del av dei andre detaljane i kyrkja.

Altertavla har eit noko spesielt motiv. Måleriet, laga av Bjørn Smith-Hald i 1934, viser Kristus som trøytt og vendt vekk frå disiplane i det han kjem ut frå grava. Dette står i kontrast til alterteksten som seier "Han er uppstanden". Det har frå 1992 vore drøftingar om å skifte ut måleriet.

Glasmåleriet frå 1936 er laga av glasmeister R. Rognaldsen og viser Kristi himmelferd. Over glasmåleriet er det eit auge, som er eit symbol for at Gud vakar over kyrkjelyden.

Over inngangsdøra er det ein Kristusfigur og innskrifta "Den som kjem til meg skal eg så visst ikkje vise bort".

Orgelet er frå 1954 og har 18 stemmer.

Orkanen som nesten tok kyrkja

Vinterstormane kan vere sterke i Olden, og det var ein sønnavindstorm som la ei nesten ny tømmerkyrkje i bakken i 1757, på staden der krosskyrkja står i dag. I 1975 slo naturkreftene til att på ein slik måte at heile kyrkja rista i orkanbygene. Det skjedde om ettermiddagen 21. desember, fjerde søndag i advent, då kyrkjelyden var samla for å syngje jula inn. Lysekronene i midtskipet byrja å svaie, og like før gudstenesta skulle starte, gjekk lyset. Brått sat kyrkjelyden i mørkret. Det knaka i veggene, og alle ønskte berre å koma seg trygt heim. Etter som orkanen slo ned frå fjella på austsida var det uråd å kome seg ut hovuddøra, då kunne vinden fylle kyrkjerommet og presse taket i vêret. I små grupper forlet folket kyrkja gjennom ei dør på vestsida, men den vesle turen bort til parkeringsplassen var tøff nok. Fleire mista det dei hadde av briller, huer og vesker. Ei kvinne hadde med seg alderstrygda til kyrkje og opplevde at veska opna seg og pengane forsvann i vinden. Etter denne hendinga vedtok soknerådet at det skulle festast bardunar i veggene på Olden kyrkje.

Informasjon henta frå Fylkesarkivet.