Innerst i Lodalen finn vi Kjenndalen, Kjenndalstova og Kjenndalsbreen. Dette er populære turmål for mange. Også her kan det bli mange fotostopp før ein kjem til det eigentlege målet. Vegen går langs Lovatnet, som har den karakteristiske turkisgrøne fargen. Langs vegen ligg velstelte gardar, fine campingplassar og andre populære motiv, som for eksempel den gamle seterklynga Breng.
Lenger inne i dalen kan ein stoppe og lese om dei tragiske Lodalsulukkene i 1905 og 1936, der deler av Ramnefjell raste ut i vatnet og skapte flodbølger som raserte alt i sin veg og tok livet av 135 personar. Der står også ei minnetavle og ei pent opparbeida minnelund.
Herifrå er det numdt 10 kilometer inn til parkeringsplassen ved Kjenndalsbreen. Då gjenstår berre ein kort spasertur inn mot utkikspunktet mot breen.
På returen kan ein gjerne stanse ved Kjenndalstova for ein matbit eller kaffipause.
Markert i raud er delen som køyrast, medan gåruta er markert i oransje.
Informasjon henta frå Olden Fjordhotel