Aabrekk Gard Trollbu ligg øvst i den vakre Oldedalen i Stryn kommune, vi driv med overnatting og har kafé/serveringslokale for selskap og grupper.
Garden og Trollbutunet ligg i eit roleg område, ved foten av Brenndalsbreen, og det er kun nokon minutt kjøring fra oss til den berømte Briksdalsbreen. På vegen hit kjører ein også forbi det flotte turkise Oldevatnet, som er verdt eit besøk i seg sjølv. På vegen til Brenndalen kan ein møte på sauene våre som beiter der sommarstid.
Vi tilbyr overnatting i ei hytte og 2 restaurert hus frå 1700- og 1800-talet, i Trollbutunet. Vi leiger ut hytter og leiligheter frå mai til ut september. Søk ettter "Trollbu Aabrekk gard" på booking.com for å bestille.
Oppe i tunet på garden har vi eit serveringlokale med god plass for selskap og grupper, der vi serverar heimelaga mat. Den har også åpen kafé i hovedsesongen.
I kaféen serverar vi heimelaga gardsmat og kaker, og sel matvarer som er produsert på garden, samt heimebrygga øl. Vi har også utsal av is frå Diplom is.
Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle.
Opningstidene til kaféen:
01. juni - 30. juni: 12.00 - 18.00.
1. juli - 16. august: 12.00 - 20.00.
Tlfnr. til kaféen: 47 61 99 33. NB: Dette nummeret blir kun besvart i opningstidene til kaféen.
Velkomne til gards!
Besøk oss på nettet
Bestill overnatting