No
En



8,4 km t/r



2 t



Lett

Huaren

Kort om turen

Huaren er ein populær tur for både lokale og turistar i Olden. Frå utsiktspunktet på Huaren har ein fantastisk utsikt ut Nordfjorden og ned til Olden. Med unntak av 200 meter med sti på slutten er det mogleg å sykle langs vegen.

Turskildring

Turen til Huaren startar frå Olden skule. Her er det satt opp Informasjonstavle og skilt som viser vegen. I starten går ein asfaltvegen oppover, og tek til venstre ved den første garden. Etter ein bit på asfalt går det over til grusveg vidare.

Der det er tvil om vegval er det skilt som viser kor ein skal gå. Før dei siste bakkane er det satt opp ein benk for den som vil ha ein liten kvil før ein går vidare. Den siste biten er det litt brattare, og vegen svingar seg oppover. Når det begynner å flate ut er det skilta der turen tar av frå vegen. Vidare er det 200 meter på god sti fram til utsiktspunktet på Huaren.


På kartet er den "vanlege" ruta markert i raudt. Ei alternativ returrute er markert i oransje.


Informasjon henta frå Stikk Ut.