Olden gamle kyrkje stod ferdig i 1759 og vart vigsla i same år. Arkitekten er ukjent.
Plasseringa til Olden gjer at det ofte kan førekomme sterke vindar. Det gjorde det også i 1757. Kun 11 år tidlegare hadde kyrkjeeigaren Peder Pedersen Tonning rive den gamle stavkyrkja
og bygd ei ny langkyrkje. Kyrkja låg på tradisjonelt vis aust-vest. Då den sterke sønnavinden slo mot kyrkjeveggane, klappa dei saman. Det blir fortalt at to kyrkjebyggarar hadde
konkurrert om oppdraget i 1746, og at han som fikk jobben hadde skrytt av kor solid kyrkja var og kor lenge den skulle bli ståande.
Då kyrkja skulle byggast opp att, valgte dei å bygge den som ei tett korskyrkje med grunnplan som eit gresk kors med alle armane like lange. Likeins med den tidlegare kyrkja
vart den orienter aust-vest, men formen gjorde den meir motstandsdyktig mot vind. Takrytteren (klokketornet) er lavt og kompakt for å forhindre skade frå vind. Desse tiltaka
verka, og i dag står kyrkja som den eldste i Indre Nordfjord.
Inne i kyrkja blir ein møtt av nakent treverk. Midtgangen har kraftige trebord og på begge sider er det romslege benkar med lukka dører.
Mange av benkane er eldre enn kyrkja sjøl. Dette kan ein sjå frå detaljane innskåre i dørene. Somme består av initiala til eigaren, somme har vakre utsmykkingar, medan andre inneheld
året dei vart laga. Dei eldste av desse er datert til 1662.
Ein interressant detalj å legge merke til, er at på sørsida (til høgre) har benkane såkalla hattekreksar - greiner skåre av ungbjørk for menn til å henge hattane sine på.
Dette finner ein ikkje på nordsida. Dette er fordi menn og kvinner satt segregert når kyrkja vart oppført.
Den målte tønneforma preikestolen er yngre enn sjølve kyrkja, truleg frå første halvdel av 1800-talet. Utanom dette, er det kun altertavla og alterringen som er målt.
Altertavla er påmålt årstalet 1772 og motivet er ei nattverdscene, flankert av Moses og Johannes. Over hovudmotivet finn vi korsfestelsen. Nederst på tavla finn vi teksten
"Velsignelsens kalk som vi velsigne, er den ikke Christi blods samfund, og det brød som vi bryder, er det ikke Christi legemes samfund?"
Den spanske Madonnafiguren i den nordre korsarmen vart gjeven til kyrkja på 1940-talet av hustrua til kunstnaren William Singer.
Informasjon henta frå SNL.