Briksdalsbreen-armen som går ned i en turkis isbresjø i Briksdalen nær Olden, Norge – arm av Jostedalsbreen
Frusende smeltevannselv som renner fra Briksdalsbreen gjennom Briksdalen nær Olden, Norge, med frodige, grønne bjørketrær
Naturskjønn utsikt over Briksdalen nær Olden, Norge, med en isbreelv, beitende sauer og Briksdalsbreen synlig mellom fjellene
To turgåere med utsikt over Briksdalsbreen og den turkise isbresjøen fra et fjellutsiktspunkt i Briksdalen nær Olden, Norge
Briksdalsbreen perfekt speilet i den turkise smeltevannssjøen i Briksdalen, Olden, Norge – arm av Jostedalsbreen



22 km



5,2 km t/r



3 t

Briksdalsbreen

Briksdalsbreen er ein vestleg arm av Jostedalsbreen, den største isbreen på det Europeiske fastland - verna som nasjonalpark. Breen vart danna for ca 2500 år sidan. Arealet er omlag 10,4 km². Mesteparten (88%) ligg på breplatået over 1500 moh. Breen strekk seg frå 1910 moh. nesten ned til Briksdalsvatnet 350 moh.

Breen har forma Briksdalen gjennom fleire tusen år; glattslipte berg med frodig vegetasjon pregar landskapet. Denne mektige naturen er noko av det vakraste du kan finne i Norge - og turistar har vitja dalen i meir enn 100 år.

Briksdalsbre Fjellstove ligg ein halvtimes køyretur unna Olden. Frå her er det ein lett gåtur på 2,6 kilometer opp til breen. Turen tar 40-60 minutt og heile vegen er du omringa av vakker natur på alle kantar.

Markert i raud er delen som køyrast, medan gåruta er markert i oransje.

Informasjon henta frå briksdal.no.